Opplysningar til arrangørar/løypeleggjarar
Generelt
- Den som er sett opp først av løypeleggjarane/arrangørane, er hovudansvarleg for løpet.
- Annonse om løpet blir sett inn i Hallingdølen av styret tysdag før løpet (samleannonse for heile Hallingdal). Løp i Hallingtreffen må annonserast særskilt. Annonser og endringar i høve til terminlista, må Hallingdølen ha innan kl. 08.00 - måndagen før!
Epost Hallingdølen: . - Hent utstyr som skal anvendast på løpet. Sjekk med forrige arrangør vis utstyret ikkje er å finne på vanleg plass. Ved eventuelle manglar, kontakt materialforvaltar Frode Halvorsgard, tlf.400 56 356.
- Ved vanlege treningsløp skal det vere løyper på ca 2,5 lett (C-løype), 3,5 og 5 km.I tillegg skal det vere ei nybyrjarløype på omlag 1-2 km.
HUGS: Nybyrjarløypa kan ALDRI bli for lett! Bruk leiande liner som vegar, stigar bekkar osv. Ikkje gøym postane! Bruk gjerne merkeband dersom eit strekk vert for vanskeleg. - Arrangør ordnar med saft, frukt og et twist på treningsløpa. O-gruppa får dekka 60% av utgifter i samband med innkjøp av frukt via BAMA-avtalen. Sjekk følgjande side for detaljar:
http://www.eatmovesleep.no/idrettsfrukt/ - Det blir frivillig om personer vil betale for kart eller ei. Sett fram eit krus for dei som ønsker å bidra.
- Skriv opp kven som låner kompass og løparbrikker av o-gruppa, og kontrollèr at alle leverer utstyret attende etter bruk.
- EKT-utstyret (lesar og skrivar) ligg i eigen koffert. Sjekk over at alt er der, og alt blir lagt på plass når du er ferdig med det. Hugs å setje skrivaren på lading dagen før løpet. Brukarinstruks for utstyret ligg i kofferten. Start og måleiningane må ikkje liggje ved sida av kvarandre (er tilstrekkeleg å leggje dei motsatt veg) da det tappar dei for batteri. Det same gjeld posteiningar og løparbrikkene.
- Alt utstyret som er brukt, skal så snart som råd er leggjast tilbake på lagerrommet på Bråta slik at alt er i orden til neste løypeleggjar.
- Ønsker du hjelp med å teikne kart i OCAD kontakt Erling Hagen, Vidar Sire eller Knut Ivar Vestli
- Kart over Veståsen 2, Svartetjern og Syningen (til nytt er trykt opp) må fotokopierast for kvart løp
- Det er eit krav om kart i storleik 1:7500 for 50+ på Hallingtreffen, men vi oppmodar til 1:7500 for kvart løp
- Gi beskjed til Knut Ivar eller Vidar om samlingsplass minst ei veke før løpet som vil leggje ut kart på heimesida.
- Det er fint om de kan ta bilete og skrive nokre ord om løpet, og sende ein kort notis i lag med resultatlista til Knut Ivar eller Vidar
- Resultatliste skal leverast til:
- Leiar Knut Ivar Vestli (e-post: kivestli@gmail.com)
- Lars S. Tveito (e-post: lars_s.tveito@getmail.no)
Resultata blir lagt ut på heimesida til o-gruppa: http://aal-il-orientering.idrettenonline.no
Er noko uklart? Ring leiar Knut Ivar Tlf: 93428722