Sol, sur vind og motbakker i Leveld
Postet av Ål Idrettslag den 3. Jun 2019
På ein solrik, men sur og kald, ettermiddag møtte 36 optimistiske orienteringsløparar opp til treningsløp i Leveld. To spente, og forholdsvis ferske, løypeleggjarar venta med løyper som inneheld både kultur og spektakulær utsikt. Det skulle etter kvart vise seg at skogen i Leveld ikkje berre var enkel å finne fram i, og bakkane viste seg å vera både lengre og tyngre enn løparane mintest.
Men i mål venta jordbær frå Leveld, fjorårets jordbær var endeleg moden, samt ein sjokoladebit eller to til eventuell trøyst. Uansett sat smila og latteren fortsatt laust hjå løparane etter målgang, sjølv om enkelte var lite villige til å leggja brikka fram for registrering.
Etter tre timar var alle 36 løparane kome trygt ut att frå skogen, arrangørane reist blid og fornøgd heim og elgen starta med nattorientering.
Resultat finn de her
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ål Idrettslag
Løyper i Leveld til søndag
13.06.2024
Orientering onsdag 15/5-2024
14.05.2024
Resultat Hallingtreff Liatoppen
27.08.2023
ÅL IL - idrettsglede for alle
07.07.2023