Løyper gjennom sommaren

Postet av Ål IL den 8. Jul 2015

Då er sommarløypene i Leveld og på Syningen klargjorde. Det ligg mange kart og postskildringar i postkassa på startposten.

Nytt av året er at det står ei postkasse med ei bok på startposten. Legg inn namnet dykkar i boka, og dersom det gjennom sommaren deltek meir enn 20 personar er de med i trekninga av ei flott nybyrjarpakke med kompass, emitbrikke og liten o-skjerm (verdi 885 kr). Det vert trekning på avslutningsfesten fredag 13.november.

Løyper i Leveld


Start- og målposten ligg rett over brua ved lysløypa i Leveld. Sving inn til venstre etter Leveld skule, og deretter fyrste veg til høgre. Parker ved garasje på høgre side. OBS! De må klatre over ein port når de passerer brua.

Det er ei enkel løype på 3,5 km med 8 postar. Her kan de ta ein snartur oppom både Haugsnatten (til venstre mellom post 4 og 5) og Skjennatten (til venstre rett før post 6). Stigen mellom post 5 og 6 er noko utydeleg, men pass på og gå sør for myra.

Det er også ei C-løype med 9 postar på 2,2 km. Løypa er perfekt for nybyrjarar, då dei fleste postane ligg i nærleiken av lysløypa. Ho er laga slik at de må innom same post 3 gongar (stjerneorientering).

Her er link til 3,5 km løype: Kart: Postskildring
Her er link til 2,2 km løype: Kart: Postskildring

Løyper på Syningen

Det er to enkle løyper på 3,3 km med 10 postar og ei på 2,1 med 8 postar. Startpost finn de her.

http://goo.gl/maps/HzMpl

Her er link til 3,3 km løype: Kart
Her er link til 2,1 km løype: Kart
Her er link til postskildring: Skildring

For meir info; kontakt leiar Knut Ivar Vestli kivestli@gmail.com